«Dersom David Beckham spør hvem som stjal avisa hans, så kan det ha vært meg ...»

Fra cruisedebatt til sommerprat

Jon Olav Stedje og kona Elisabeth - på reise i 2018. Foto: Privat

Jon Olav Stedje og kona Elisabeth - på reise i 2018. Foto: Privat

(ODD ROAR LANGE): Jon Olav Stedje, driftsleder ved Aurland Hamnevesen KF/Flåm hamn er ofte i media når det er snakk om cruise, turisme og reiseliv i Flåm. Men dette har han aldri snakket om før:

En sang som minner meg om reiser

Som den vestlandspatriot eg er, so er Vilde og Anna med Vestlandet høgt på spelelista når eg er på tur med familien. I 2019 tok eg ut pappaperm og me reiste til Italia, Montenegro, Albania, Bosnia og Kroatia. Då farta me ein del rundt i tog og leigebil, og då vart det mykje allsang om tunellar, bruer og fjell. Kan og nemne at Daft Punk alltid vil ha ein spesiell plass, etter ein kjærleikstur til Toscana.
Ellers er det mykje musikk som minner om spesielle reiser, og ikkje mykje som minner om å reise.

En bok som har gitt meg inspirasjon til en reise

Boka «Kvifor blir ein stempla som mindre intelligent og kultivert om ein ikkje les bøker» har hatt stor betydning for meg, men eg las den aldri ferdig

Den beste utsikten jeg vet om

Eg seier som A.O Vinje «No ser eg atter slike fjell og dalar, som dei eg i min fyrste ungdom såg».

Eg har no vore rundt om kring i verden, og det er få plassar som slår nærområdet der eg vaks opp og der eg no bur. Ser ein Hurrungane og Jotunheimen, so veit ein at ein er på rett plass. Nord-Norge er og ein favoritt. Gjer heller ingenting om kåno skyggar litt for utsikten.

Noe som alltid er med i reisegarderoben min

Hodetelefoner med støyreduksjon og flybillett med vindussete er obligatorisk. Gode sko eit must. Den beste måten å utforske nye plassar på er å gå. For meg er det viktig å alltid legga inn ein god gåtur i planane, enten om det er jobb eller privat.

Den beste butikken jeg har besøkt på mine reiser

Gode matbutikkar/delikattesebutikkar med lokalprodusert mat er noko eg alltid besøker. Kanskje ikkje i USA, men der er det andre grunnar til å besøka matvarebutikkar. You have to be there to belive it….

Eg er nok ikkje den som reiser for shoppingen sin del, og det er sjeldan eg brukar tid på det.

Min favoritt blant små hoteller

Små hotell på bygda slår nesten aldri feil. Er hotellet dreve av nokon med stoltheit, eigarskap til området og entusiasme so blir eg glad. Italia er ekspertar på dette, og då min betre halvdel snakkar Italiensk, so har det bydd på mange fordelar og fantastiske opplevingar.

Her er mange små hotell i Norge gode, men det er mange som har noko å lære. Om alt handlar om pengar og om deg som vare, blir det frykteleg lett å gjennomskue falskheit.

Festivalopplevelsen jeg aldri glemmer

Eg har gløymt eller har berre vage minner frå dei fleste festivalar eg har vore på. Sjå spørsmål 9 om favoritt cocktail.

Den beste hotellfrokosten jeg har opplevd

Dei fleste hotellfrokostane byrjar med korn, frukt og musli… men sklir fort øve til bacon. Det er mange hotellfrokostar som er like, men det er spesielt nokon eg huskar som litt over gjennomsnittet. Kempinski i St.Petersburg blant anna. Elles kan eg nemne at eg ved eit høve hissa meg litt opp over radioen då eit cruiseskip kom til Flåm.
Det såg ikkje so fint ut, og det var ein del røyk. Når skipet var fortøyd kom losen ned på kaia og tok tak i meg. Han meinte eg hadde behov for å roa meg ned litt, og inviterte meg på frokost om bord. Dette var då eit skip i det litt dyrare slaget.
Du måtte tygga og svelga sjølv, men resten var det folk til.

Min favorittcocktail

Er blitt avholdsmann på mine eldre dagar. No er det som regel ein god Ginger Ale med is og lime som blir drukke i festeleg lag. Ellers sett eg stor pris på ein god kopp kaffi i dei rette omgivelsane.

Et reiseminne fra min barndom

Då eg kjem frå ein gard so var ikkje det å reise på lange feriar so vanleg. Då blei sumarane brukt på ein støl utan straum og vatn saman med kyr og sauer. Dette er noko eg er veldig glad for og som vekker gode minner. Det er vel difor me no har kjøpt oss ei hytte med ganske enkel standar høgt til fjells, slik at ungane mine kan ha gode minner frå hytta.

Elles er mor mi frå Jæren, so det blei nokre turar dit i oppveksten. Huska at eg alltid såg fram mot å kryssa Boknafjorden med ferje. Kanskje det er difor eg no har valt ei maritim karriere

Noe jeg gjerne kjøper med meg hjem fra reiser

Noko unødvendig og lite gjennomtenkt som blir kjøpt i siste liten på flyplassen. Dette for å dekke over mitt dårlege samvete som ikkje har tenkt på/prioritert dette før på reisa…
Eg vil og nemne at ein klok mann eingong sa at ein ikkje skal kjøpe med for mykje når ein er ute å reiser og at det ikkje skal bli ein vane.
Når ein kjem heim er det betre at ungane/kåno blir glade for å få deg heim enn at dei byrjar grave i kofferten din etter gåver.
En ting jeg aldri har fortalt noen om fra mine tidligere reiser

Om David Beckham spør kem som stjal avisa hans utanfor huset i Beverly Hills, so kan det ha vore meg…

Les flere sommerintervju her: